Om oss

Om oss

Mebas har hovudvekta av kundegrunnlaget i Modalen og Vaksdal kommune. Kundene våre er både private og offentlege. Mebas vart etablert i 1977 ved samanslåinga av Modalen Billag L/L og Eksingedalsruta L/L.

Historien

Som dei fleste veglause bygder der hovudferdsla gjekk med rutebåt, var det både i Modalen og Eksingedalen eit stort oppland som hadde lang veg til sjøen og rutebåten. For dei som budde innetter desse dalføra var det naturleg å sjå seg om etter andre og meir tenlege transportmåtar enn hest. Framsynte menn såg at bilen, som enno var i sin ungdoms vår, kunna vera tenleg til transport av både folk og fe. Med den bakgrunn er det lett å forstå at det vart skipa billag i begge dalføra.

Alt i 1929 søkte nokre privatpersonar om køyreløyve i Modalen. Også Mo handelslag var interessert. Herradstyret i Modalen ynskte ikkje monopol, difor fekk begge partar køyreløyve. Dei private kjøpte ein 1,5 tonns Chevrolet lastebil som dei sette i drift i 1930. Og i 1931 vart Modalen Billag L/L skipa. Billaget kjøpte ein Ford lastebil som dei sette i drift mai 1932. Ruta gjekk frå Mo til Straume. Persontransporten vart ordna ved at det vart sett benker på lasteplanet slik at det vart plass til 12 personar. Dei private, som hadde skipa Mo Billag, kom ikkje i gang med rutedrift, og vart slått saman med Modalen Billag i 1935.

I Eksingedalen var det Johan Flatekval som tok til med rutekøyring i 1930. Fyrste bilen var vistnok ein Willys Overland. Grunna svært dårleg veg Eikemo – Eidsland fekk han køyreløyve kun ned til Eikemo. Skulle han ned til Eidsland måtte han søkje lensmannen om løyve for kvar tur. Men med tida vart også denne vegbiten utbetra og då vart det køyrd rute til Eidsland og rutebåten tre gonger i veka.

Det største omskiftet kom i Eksingedalen i 1946. Då vart Eksingedalsruta L/L skipa og overtok all rutekøyring. I 1954 bygde dei garasje og verkstad på Eidsland.

Tanken bak skipinga av selskapet var dels å få betre rutedrift i dalen, men òg for å binda Bruvik kommune betre saman. Billaget starta difor rutesamband Eidsland – Stamnes – Straume, vidare gjekk det motorbåt til Dalseid der det var korrespondanse med Vossebana.

I 1960 var det komen veg Dæmring – Dalseid, og billaget hadde no bussar som gjekk Dæmring – Dale, og over Bolstadstraumen gjekk det motorbåt. I 1964 var det igjen tid for endringar for då var brua over Bolstadstraumen ferdig. Dette i lag med at det i 1959 var komen veg til Gullbrå gjorde at billaget no hadde rutetrafikk frå øvst i Eksingedalen til Dale, ein strekning på 76 km.

I 1976 vart Modalen og Eksingedalen forente med veg gjennom Modalstunnelen og rutebåten til/frå Mo vart lagt ned. For at det ikkje skulle vera to billag som konkurrerte om å køyra til Dale, vart det vedteke at selskapa skulle slå seg saman.

1. januar 1977 vart Modalen-Eksingedalen Billag L/L skipa. Selskapet vart seinare A/S. Tradisjon i begge dei gamle billaga var allsidig transport. Dette vart vidareført i det nye selskapet og held fram også i dag. MEBAS kan tilby ulike transporttenester i eit breidt spekter.

Eit kjenneteikn gjennom alle desse åra med rutedrift er at folk har vore lenge i teneste. Kasserar og forretningsførar Bjarne J. Nygard i Modalen Billag var i selskapet frå 1940 til 1977. Dagleg leiar Jakob O. Mo i Eksingedalsruta var i selskapet frå 1947 til 1983.

Men òg i dag er folk lenge i selskapet; 1. juli 2008 vart verksmeister Asbjørn pensjonist etter 39 år. Det kan tyde på at billaget har vore ein god arbeidsplass, sjølv gjennom omskiftelege tider.

Men nye tider krev òg nye måtar å organisere ting på. I så måte stod MEBAS ved sin lagnadstime i 2007 då rutene i MEBAS sitt distrikt skulle ut på anbod. Det vart ein ulik kamp, «myggen» mot dei store, mektige og dominerande selskapa. Men – det vart «myggen» som tok siste stikk. Eller som det heiter i songen: «dei fleste gjekk det ille, som store vera ville».

I 2015 vart det ny kamp, då rutene i MEBAS sitt distrikt på ny vart lyst ut på anbod. Nok ein gong klarte «myggen» å halda dei store transportselskapa på avstand, og vann kampen om rutekøyring i heile området dei neste ni åra – frå 2016 til 2025. Så siste kapittel om samferdslehistoria til billaget er enno ikkje skriven!

Har du spørsmål kring nokre av tenestane våre?

Send oss ei melding via kontaktskjema, så kjem me tilbake til deg.